No heng det ein hjartestartar i våpenhuset i Ørsta kyrkje.

Gåva er eit resultat av ein innsamlingsaksjon som Ørsta Rotary har teke initiativ til.

Takkar

– Vi er svært takksame for alle som har gitt bidrag til saka, slik at vi har fått realisert den første hjartestartaren, og at arbeidet held fram med innsamling til dei to andre kyrkjene i Ørsta.

Det seier president i Rotary, Brit Aanning Aarseth.

I samband med 70-årsjubileet i fjor tok Ørsta Rotary initiativ for ein innsamlingsaksjon som skulle sikre kyrkjene i Ørsta gåver i form av hjartestartarar til kyrkjene på Sæbø, Nordre Vartdal og i Ørsta.

No er altså den første på plass i Ørsta kyrkje, noko kyrkjeverje Jørn Velle er svært takksam for.

Ørsta kyrkje Foto: Arkiv

Ørsta Rotary er like takksam for alle som har gitt bidrag til innsamlinga.

– Ja, det er stor grunn til å takke alle som har gitt pengar. No held arbeidet med innsamling til dei to andre kyrkjene i Ørsta fram. Vi håper givargleda held fram, seier Aanning Aarseth.