Lova seier at hovudmodellen for universitet og høgskular er å ha tilsett rektor og ekstern styreleiar. I Volda har ein vald å vere blant unntaka, som lova opnar for. Seinast i 2022 vedtok høgskulestyret med knapp margin at rektor kan vere vald og også vere styreleiar.

Ved dei fire siste «vala» ved Høgskulen i Volda (HVO), har det imidlertid berre vore ein kandidat. I årevis har rektor styrt med to hattar på hovudet samstundes: Rektor og styreleiar. Også ved valet i fjor stilte berre ein kandidat, tidlegare leiar av valkomiteen og med erfaring frå fagforeiningsarbeid.

Ein treng ikkje høg utdanning for å vite at konseptet med demokrati er at det minimum er to kandidatar å velje mellom. Berre det å arrangere val med ein kandidat, er lite tillitsvekkjande. Når tilsette heller ikkje kan stemme blankt, blir det demokratisk usunt. Ifølgje val-reglementet i Volda, sist oppdatert i 2022, er det nemleg forbode å stemme blankt, sjølv om det berre stiller ein kandidat. Ja, du las riktig.

Sett på spissen kan ein rette opp handa og bli øvste leiar for ei verksemd med fleire hundre tilsette og 4000 studentar, og forvalte hundrevis av millionar, utan å ha nokon leiarerfaring, blitt gjenstand for profesjonell rekruttering eller kvalifikasjonssjekk. I 2023 fekk HVO 435 millionar kroner i tildeling frå staten.

Så kjem neste problem: Ein vald rektor som også er styreleiar, har særs mykje mynde og ansvar på ei hand. Det å ikkje vere vald, gir lite legitimitet. Men ein slik maktkonsentrasjon vil i tillegg svekke både institusjonen og styret sin legitimitet. I staden for at du skal ha ansvar for tilsyn og kontroll over ditt eige arbeid i verksemda, burde dette ligge hjå ein ekstern styreleiar som med kritisk distanse og truverd kunne stilt spørsmål ved drifta. Maktfordelingsprinsippet er ein grunnstein i demokratiet, og burde også vere ein berande ide for samfunnsviktige utdanningsinstitusjonar. Holet i lovverket burde her vore tetta.

Det er mogleg å sjå føre seg eit system med vald rektor, så lenge det faktisk er eit val mellom kvalifiserte personar. Det går også an å tenkje seg ein vald rektor som vert balansert ut med ein ekstern, profesjonell styreleiar. Å leie ein akademisk institusjon er ei særs kompleks og krevjande rolle.

Nett no er situasjonen at sentrale delar av HVO er lamma, mellom anna fordi rektor – eller var det styreleiar? – har varsla mot sin eigen direktør. Det hadde vore interessant å vite korleis situasjonen hadde vore viss hovudmodellen i lova var følgd.

Red.anm.: Artikkelforfattaren har vore tilsett ved Høgskulen i Volda, men har ikkje arbeidd ved HVO sidan juli 2022 og har sagt opp stillinga si.