I ei måling som Agri har gjort for Landkreditt svarar 17 prosent av bøndene at det er sannsynleg med ei avvikling innan dei nesten fem åra. Ytterlegare 11 prosent reknar avvikling som ganske sannsynleg, med meir enn 50 prosent sjanse for at det skjer.

Resten ser på avvikling som eit mindre sannsynleg alternativ enn vidare drift, eller dei har kryssa av for «veit ikkje». Færre enn annankvar bonde seier at sjansen for avvikling er lågare enn 25 prosent.

– Svara tydar på at reduksjonen i talet på bruk vil halde fram i same tempo som hittil. Det er eit tankekors for alle som er opptekne av at jordbruket skal vere ei levedyktig og attraktiv næring med akseptabel lønsemd og tilfredsstillande økonomisk utvikling, seier Ole Laurits Lønnum, konsernsjef i Landkreditt, i ei pressemelding.

Eit lyspunkt

Han meiner det er eit lyspunkt at vilja til å halde fram med drift er klart høgast blant dei yngre, medan bønder over 60 år dreg opp andelen av dei som vil ha avvikling.

– For å ta vare på mattryggleiken og beredskap er vi avhengige av at ein ny generasjon fører jordbrukstradisjonane vidare. Frustrasjonen som for tida kjem til uttrykk i store delar av næringa viser eit klima som neppe er gunstig for rekrutteringa. Det gir grunn til uro, seier Lønnum vidare.

Nils Vagstad er spesialrådgivar i Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio). Han meiner at ei eventuell avgjerd om å avvikle er eit svært vanskeleg val for dei fleste bønder.

– Det handlar om lojalitet og ansvarskjensle, men også eit brennande engasjement for både matproduksjonen, eigne areal og kulturlandskapet. Det er ikkje lett å gi opp eit livsverk som gjerne har gått i arv, seier Vagstad

Han trur samstundes at mange kjenner på at bondeyrket blir opplevd som einsamt og sosialt krevjande, med usikker økonomi og omfattande reguleringar, særleg innan husdyrhald.

Må gi optimisme og motivasjon

For å motverke avvikling har Vagstad tru på insentiv som skaper optimisme, ei haldningsendring som gir bøndene auka status og tiltak som motiverer også unge i små bygdesamfunn til å velje yrket.

– Eit viktig grep er også å hindre at samvirkeføretaka blir ytterlegare svekt. Det kan få alvorlege konsekvensar for distrikta, mattryggleiken og den nasjonale beredskapen. Ei samla næring som ikkje er svekt av indre strid vil vere viktig for å sikre posisjonen til norsk landbruk framover, seier Nils Vagstad.

Minst på Austlandet

Undersøkinga frå Landkreditt viser at det er mindre sannsynleg for avvikling på store gardsbruk og blant bønder på Austlandet.

– Svara illustrerer at det er krevjande å sikre eit differensiert og regionalisert landbruk. Det stiller krav til innsikt hos oss som vil tilby spesialtilpassa finansielle tenester til gode vilkår, og til politikarar og styresmakter som definerer rammevilkåra, seier Ole Laurits Lønnum i Landkreditt.

(©NPK)